28. august 2009  |  Bøker & Noter
Kunsten å spele svevefritt
Bergby har med denne boka gjort komplisert akustikk tilgjengeleg for praktisk utøving. Ein bragd!
 

 
Intonasjon, det å «spele reint», har mange ulike sider. Bortsett frå dei som spelar klaviaturinstrument kan dei aller fleste instrumentalistar (og naturlegvis songarar) justere tonehøgda på enkelttonar. For å spele reint er det derfor ikkje nok å ta rett grep på instrumentet, «trykkje riktig», ein skal også bruke øyret. Dette er barnelærdom, og noko dei fleste instrumentalistar lærer tidleg i si karriere. Dessverre er det nok alt for mange, både dirigentar og instruktørar som er tilfreds med å få riktig grep frå instrumentalisten, utan at øyret blir kopla inn.
   Vi kan snakke om det å spele reint på fleire ulike nivå. Ein ting er å få «rette tonen», neste trinn er å kunne justere tonen slik at alle som spelar den same tonen lyttar til kvarandre og får tonen mest muleg lik. Neste trinn er å gå frå enkelttonar til å stemme intervall og akkordar slik at dei «står» utan sveving, eit ganske mykje meir avansert nivå i samspelkunsten enn å få enkelttonar reine.

Særleg for blåsarar
Det er denne siste typen intonasjon  Anne Katrine Bergby har lagt vekt på i den hendige boka Praktisk intonasjon for blåsere, som tidlegare i år kom ut på forlaget Unipub. Som tittelen seier, er denne spesielt mynta på blåsarar, men også andre instrumentalistar vil ha glede og nytte av å lese denne boka. Det er snakk om ei bevisstgjering. Ved å følje dei greie instruksane i boka, vil ein oppleve korleis ulike intervall og akkordar får ulik grad av sveving. Vi har vant oss til å tilpasse alle instrument til stemminga til klaverinstrumenta (den likesvevande temperaturen). Som kjent er alle intervall i den tempererte skalaen justerte for at det skal vere muleg å spele i alle toneartar, og konsekvensen er at alle intervall og akkordar er meir eller mindre «sure» samanlikna med tonane i ein reinstemt skala. Når blåsarar, strykarar og songarar framfører musikk utan klaver, er det muleg å intonere på ein måte som gjer akkordane svevefrie, og altså reinare enn ved å bruke likesvevande temperatur.

Svevefri intonasjon
Slik svevefri intonasjon blir grundig forklart og eksemplifisert. Enkle øvingar gjer at ein får praktisk erfaring med korleis justering av enkelttonar opp eller ned får intervall og akkordar til enten å bli reinstemte eller å dissonere (sveve) i ulik grad. Teorien bak, med overtonerekkja, reinstemming og pytagoreisk stemming blir forklart på ein grei måte. Utradisjonelle hjelpemiddel, som å bruke kombinasjons- og differenstonar i intonasjonsarbeidet, blir også forklart og eksemplifisert. Eg er sikker på at mange får aha-opplevingar når dei prøver dette ut i praksis.
   Det er ein fordel å vere fleire utøvarar saman for å eksperimentere med samklangar, men om ein er åleine er det også muleg å bruke ei stemmemaskin eller orgel/synt å spele mot. Boka, og prinsippa som forfattaren presenterer, bør vere obligatorisk for alle som driv med samspel på eit litt avansert nivå, og også i vidarekomen instrumentalundervisning. Dette vil vere nytt land for svært mange. Enkelte eksempel og påstandar kan gje rom for diskusjon, men det skal ligge her. Dette er ei viktig bok! Forhåpentlegvis vil auka fokus på intonasjon resultere i meir bevisst musikkutøving i framtida. Bergby har med denne boka gjort komplisert akustikk tilgjengeleg for praktisk utøving. Ein bragd!

Rasmus Reed





 


Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. ©Musikk•Kultur
Utgiver: Musikk•Kultur AS, Pboks 871, 0104 OSLO. Telefon +47 23 35 61 00
Ansvarlig redaktør Geir Storli
Musikk•Kultur arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk

 
 

 
Siste Fagfokus