 |
| |
 |
| 4. november 2009 | Bøker & Noter |
| Å trene på gehøret |
| Det å oppfatte akkordar og akkordprogresjonar for mange eit problem. |
| |
Pianistar og andre som spelar akkordinstrument har dagleg nærkontakt med akkordar og akkordbruk har i så måte ein stor fordel, medan dei som syng eller spelar melodiinstrument ofte har vanskar med å oppfatte basstonar og basslinjer, og også klangar og akkordprogresjonar. Boka Harmonisk lytting, Egentrening av gehøret til Ingunn Fanavoll Øye som tidlegare i år kom ut på forlaget Unipub, tar sikte på å dekkje eit opplagt behov for trening i dette, hovudsakleg gjennom speling av akkordar ved pianoet, og gjennom det bevisstgjering av akkordtypar og til ein viss grad akkordprogresjonar.
Boka er, som tittelen tyder på todelt. Dei første 30 sidene handlar om akkordlytting, medan dei siste 15 gir tips til korleis ein på eiga hand kan trene gehøret for melodi, rytme, klang og form.
I første del, den om akkordhøyring, støyter vi raskt på det første problemet med bruken av boka: Erfaring viser at svært mange av dei som slit med å oppfatte akkordar har sjølv liten erfaring med å spele akkordinstrument, og dei vil derfor truleg ha store problem med å spele eksempla i boka. Alle akkordane er lagt ut som firstemt koralharmonisering, gjerne i spredt stilling, ikkje den enklaste måten å spele akkordar på, og mange ikkje-pianistar vil truleg ha vanskar med å framføre eksempla så flytande at dei får eit inntrykk av progresjonane. Her burde det vore med ein CD eller i det minste ei lenke til ei internettside der eksempla var innspela. Poenget med ei slik bok må vere å få eit auditivt forhold til akkordar og progresjonar. Om ikkje akkordane kan høyrast, er mykje av poenget med boka borte.
Formålet med ei slik innføring må vere å gjere vegen inn i materien så enkel og oversiktleg som muleg. Det gjeld å systematisere og forenkle, og å få tak i det viktigaste først. Dessverre sviktar det i stor grad her. Boka har blitt ei blanding av det grunnleggjande og fundamentale og det sære og spissfindige. Og alt har tilsynelatande fått den same vekt og tyngde. For å ta eit eksempel er det eit stort kapittel om biseptimakkordar, ein akkordtype som er ganske perifer, ja praktisk talt ikkje eksisterande i vanleg funksjonell musikk. Alle desse akkordane kan forklarast på enklare måtar, og på måtar som gir meining. Eksempelvis gir det meir meining å oppfatte Ss7 som ein subdominant med sekst, for denne akkorden har alltid ein subdominantisk funksjon. Det gjeld både i dur og moll. Slik er det også med andre såkalla biseptimakkordar. Desse blir som regel brukt i tonale utsving og relaterer seg til andre akkordar enn Tonika. På same måte er det forvirrande når akkordane på 7. trinn i dur og på 2. trinn i moll blir kalla bitreklangar. Dette er forminska akkordar, og i praktisk musisering opptrer dei som forkorta dominant og S6 og sjeldan eller aldri som sjølvstendige bitreklangar. Eksempel som dette er det dessverre mange av.
Eksempla virker ofte konstruerte. Hovudproblemet synest å vere at akkordar og akkordprogresjonar blir beskrivne ut frå ein teoretisk innfallsvinkel, og ikkje ut frå levande musikk slik den eksisterer og omgir oss i kvardagen. I boka gjeld det å setje namn på fenomen, ein del av dei finn ein sjeldan eller aldri i det verkelege liv. Akkordhøyring blir i boka meir ein høyrelæredrill enn noko som har praktisk og musikalsk nytteverdi.
Eg skulle gjerne sett at vi fekk materiell som kan hjelpe musikkstudentar og andre til å oppfatte og ikkje minst forstå harmonilæra ut frå ein auditiv innfallsvinkel. Alt materiell som bidreg til dette må helsast velkome. Deler av boka vil i så måte fylle ein funksjon, men ennå betre ville det vore med klingande eksempel. Nytteverdien ville også vore større med ein revisjon og ei forenkling der det grunnleggjande fekk større plass, og noko av det meir spesielle vart tona ned eller teke ut.
Rasmus Reed
|
|
|
 |
 |
| |
Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet.
©MusikkKultur
Utgiver: MusikkKultur AS, Pboks 871, 0104 OSLO. Telefon +47
23 35 61 00
Ansvarlig redaktør Geir
Storli
MusikkKultur arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler
for god presseskikk
|
|
 |
|
|