Søk på andre ledige stillinger i vår stillingsdatabase:  
 
 
30. juni 2010  |  Jobbnytt
Gitarlærar
 
Arbeidsgiver: Fron kulturskole
Arbeidssted: Nord-Fron, Oppland
Søknadsfrist: 22.07.2010
 
 


Fron kulturskole ligg sentralt i Gudbrandsdalen og er eit samarbeid mellom Nord-Fron og Sør-Fron kommune. Kulturskolen har 12 tilsette og 180 elevar. Fron har eit rikt kulturliv med blant anna musikklina ved Vinstra vidaregåande skule, fleire festivalar samt Peer Gynt stemnet. Det er òg rike folkemusikktradisjonar i regionen, og eit aktivt og allsidig musikkmiljø. Med Jotunheimen og Rondane tett omslynga, ligg det godt til rette for variert friluftsliv og naturopplevingar.

Gitarlærar i Fron kulturskole

Frå 15.08.2010 er det ledig 55% stilling som gitarlærar i Fron kulturskole.
Det kan bli mulighet for større stilling i samarbeid med musikklina ved Vinstra vidaregåande skule.

Vi ønskjer søkjarar:
- med relevant musikkfagleg kompetanse, helst høgarere utdanning eller tilsvarande.
- som liker å arbeide med barn og ungdom, og kan undervise på ulike nivå.
- med interesse for formidling og tverrfagleg prosjektarbeid.
- med gode samarbeidsevner

Kontaktperson: Kulturskolerektor Jorun Moshagen, tlf. 958 81 441.

Merk søknaden med Arkiv sak ID 10/1229.

Sjå www.nord-fron.kommune.no for elektronisk søknadsskjema og fullstendig utlysningstekst.

Søknadsfrist: 22.07.2010.


 

 


Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. ©Musikk•Kultur
Utgiver: Musikk•Kultur AS, Postboks 9246, 0134 OSLO. Telefon +47 22 05 28 20
Ansvarlig redaktør Geir Storli
Musikk•Kultur arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk